Er leiterefusjonsordninga subsidiering ?
Om refusjonsordninga for leiting etter petroleum på norsk sokkel. Publisert i Stavanger Aftenblad den 19.september 2018.
Miljøorganisasjonar har klaga leiterefusjonsordninga inn for overvakingsorganet i EØS- ESA – der den nå skal vurderast. Det er hevda at ordninga er subsidiering av oljesektoren.
Frå olja vart ein ressurs for Norge har vi slått fast at den tilhøyrer fellesskapet. Det blir teke vare gjennom særskilt lovgiving og skattlegging. I tillegg til vanleg inntektskatt for aksjeselskap betaler dei som utvinn olje og gass 55 prosent ekstraskatt av overskotet, slik at oljeselskapa totalt sett betaler 78 prosent skatt.
Skilnaden mellom ordinær skatt og 78 prosent er eit utrykk for dei verdiar oljeressursane utgjer. Det blir ofte kalla grunnrente, og er den verdien som blir igjen når alle kostnader ved å bringa olja og gassen opp, er dekka. Slik tilfell verdien av olje -og gassressursane fellesskapet.
Ikkje alle funn av olje og gass har slikt omfang at det freistar store oljeselskap til å gi seg i kast med utvinninga under dette strenge skatteregimet. For å trygga at også mindre ressursar kan bli utnytta, og gi grunnrente til staten, er det etablert ei særordning som gjer det mogeleg for oljeselskap å få utbetalt 78 prosent av kostnaden ved å leita etter olje og gass der dei har fått konsesjon. Då er det tilstrekkeleg at oljeselskapa sjølve finansierer dei resterande 22 prosent av kostnadene. Ordninga inneber dermed at staten og dei private initiativtakarane deler på risikoen.
Blir det funne olje eller gass og skapt inntekter, får staten 78 prosent av verdiskapinga, og dermed ei grunnrente, i tillegg til vanleg innteksskatt. Føresetnaden er såleis at ordninga skal gje staten vesentleg større skatteinntekt enn utbetalinga av dei 78 prosenta av kostnadene som er utbetalt frå staten. Ordninga skal trygga god utnytting av ein naturresurs, og gje staten større skatteinntekt enn ved anna bruk av dei private investeringane. Alternativt kunne staten sett ut på anbud same oppdraget, og teke heile kostnaden og risikoen.
Særordninga kan ikkje reknast som urimeleg i høve til andre næringar som berre betaler ordinær skatt på 23 prosent av inntektene. Staten får rett på ei motyting gjennom særskatten på 55 prosent av vinsten. Ordninga kan reknast som ei vinn- vinn ordning mellom staten som forvaltar av oljeresursane våre og private selskap som står føre utvinninga. Selskap som allereie er i skatteposisjon som oljeselskap og betalar 78 prosent skatt, har automatisk ei slik ordning gjennom dei ordinære skattereglane.
Ordninga tek difor sikte på å skapa interesse hos selskap som ikkje er i slik posisjon. Det inneber større konkurranse om å få delta i utnyttinga. Det er til fordel for staten.
Det bør vera heva over tvil at dette ikkje er subsidiering, men ei ordning som skal syta for at staten får best mogeleg resurssutnytting og mest mogeleg grunnrente. Alternativet kunne vore at ekstraskatten for oljeverksemd generelt gjekk ned. Det ville oljeselskapa tent på, men staten hadde gjeve frå seg inntekter som nå går til fellesskapet.
EØS avtalen trygger at vi får utnytta landets resursar godt gjennom internasjonalt varebytte. Då må det finnast reglar som gjer at vi ikkje påfører kvarandre ordningar som hindrar god resursutnytting. Ein kan ha utlikt syn på norsk oljeutvinning, Dersom interesse grupper vil ha mindre oljeutvinning, er det eit legitimt politisk standpunkt. Det bør i så fall skje gjennom påverknad av norsk politikk. Å søkja å svekka sitt eige land sin sjølvråderett gjennom ESA, viser i dette tilfellet manglande respekt for demokratiet vårt.
Seniortanken
Njål Kolbeinstveit, Gunnar Berge, Torvald Sande, Jostein Soland, Hjalmar I. Sunde, Ivar Sætre, Kjell Traa
Leave a Reply
Want to join the discussion?Feel free to contribute!