Heller meir skatt enn å bruke meir oljepengar
Dette innlegget ble publisert i Stavanger Aftenblad 16.mai 2019.
I Aftenbladet 10. mai er to sentrale samfunnsspørsmål sett på dagsordenen:
- Mangelen på sjukepleiarar er temaet for leiaren
- Striden om bompengar blir omtalt av avismedarbeidaren Egil Ø. Nærland.
Begge spørsmåla har både med velferd og demokratiet si funksjonsevne å gjera . Både samferdsel og helsestell treng til å bli vurdert i eit langsiktig perspektiv. Veksande byar og aldrande befolkning kan gjera det sjølvinnlysande at framtidige behov kan trengja til planlegging i god tid før behovet oppstår om vi skal hindra alvorleg velferdstap. Vi kan nå vera på etterskot med å løysa utfordringar både i helsestell og samferdsel.
Ein føresetnad for å trygga velferd.
Eit grunnleggande problem for samfunnet er at tenester som blir ytt av det offentlege krev ein stadig aukande del av arbeidstyrken. Det er lettare å automatisera produksjonen av aluminium enn sjukepleiartenester. Det fører med seg at det blir fleire sjukepleiarar og andre offentlege tenesteprodusentar i høve til personar i næringslivet. Skal offentleg tilsette ta del i velstandsutviklinga, må fylgjeleg ein større del av verdiskapinga tilførast det offentlege gjennom skattar og avgifter. Misser vi det av syne, kan vi skada både velferd og demokrati. Her kan ligga ei viktig utfordring for det norske samfunnet nå.
Nye åtvaringar.
Eit offentleg utval har vist at skatte- og avgiftsnivået må opp vesentleg for å greia å oppretthalda bl a. like gode helsetenester med eit eldre folk. Privatøkonomien til nordmenn flest har gjennom den siste generasjonen nådd eit så høgt nivå at knapt noko folk har hatt det så romslig som oss. At mange slit, kan også tilseia at velståande bør avgi ein større del av inntekta si gjennom skattar og avgifter, og skapa ei jamnare fordeling. Kritisk punkt for framtidig velferd kan vera at vi innser at skattane må opp. Då kan det samtidig vera like nødvendig å stilla større krav til effektive løysingar i offentleg sektor der det er mogeleg.
Gamal visdom
Då Norge vart ein oljenasjon, vart verknadene på lengre sikt vurderte gjennom Stortingsmeding 25 frå l974. Den viste at bruk av oljepengar kunne føra til at Norge kom til å få bruk for mykje meir arbeidskraft for å tilfredstilla høgare krav til både privat og offentleg konsum. For å få dette til, ville eksport-industrien bli bygd ned. Det kunne gjera samfunnet vårt ute av stand til å takla forsvarleg at olja seinare kunne bli borte, og føra til eit kraftig fall i velstanden. Den gongen var fjerdeparten av alle arbeidsplassar i industrien. Seinare er talet på arbeidsplassar i industrien nær halvert, og dei vi nå har, er i vesentleg grad leverandørar til oljeindustrien, og sårbare for det som hender med olja. Veksten i offentleg og privat konsum har vore så sterk at nedgangen i industrien har vore nødvendig sjølv om vi har fått fleire hundre tusen fleire kvinner ut i arbeidslivet, og har fått arbeidskraft frå utlandet. Erfaring har vist at samanhengen mellom bruk av oljepengar og reduksjon av eksportindustrien som Stortingsmelding 25 forklarte, er ein realitet. At faktiske samanhengar blir tekne omsyn til, er ein føresetnad for at politiske vedtak skal gje dei føresette verknadene.
Bruk av oljepengar
Aftenbladmedarbeidaren Nærland vurderer å nytta oljefondet til erstatning for bompengar. Å bruka meir oljepengar nå – som alternativ til bompengar eller høgare skattar – vil innebera å auka konsumet og svekka industrien på eit tidspunkt vi har større grunn enn før til ikkje å svekka den, og gjera oss meir avhengig av olja. Å ha rom for industriarbeidsplassar er det kritiske punktet som må avgrensa oljepengebruken. Det er eksportindustrien som blir pressa ut når andre næringar treng meir arbeidskraft. Skattar skal hindra at privat konsum blir for stort, og krev for mykje arbeidskraft til tenesteyting og liknande. Den effekten har ikkje bruk av oljepengar. Før klimasaka vart eit tema, fann Stortinget ut at det ville vera uklokt å bygga opp oljesektoren til meir enn 90 mill oljeekvivalentar pr år. Den er blitt knapt tre gonger så stor, og vi har nå fleire risikofaktorar å ta omsyn til.
Tenk langsiktig
Omsynet til framtida vår tilseier at vi ikkje bør gjera oss meir avhengig av olja. Då må vi styrka – ikkje svekka – alternativ verdiskaping. Då må vi velja å betala meir skatt i staden for å bruka meir oljepengar.
Seniortanken
Njål Kolbeinstveit, Gunnar Berge, Torvald Sande, Egil Harald Grude, Hjalmar Inge Sunde, Kjell Traa