, ,

Debatten om straumprisar

Dette leserinnlegget er om straumprisar i Noreg, og nokre av konsekvensane av dette. Det vart publisert i Stavanger Aftenblad den 4.oktover 2021 under tittelen “Håp om gode løysingar framover i straumdebatten».
************************************************

I debatten om høge straumprisar, er det viktig å hugsa på at betaling for straum går rett inn i kassar stat og kommunar eig over 90 prosent av. I Norge er det dessutan eit grunnleggande prinsipp  at meirinntekt som har si utnytting av naturen,  skal inn i statskassen, anten den kjem frå olje eller vasskraft.

Å hindra at auka straumpris fører til velferdstap for låginntektsgrupper kan difor hindrast  utan å svekka offentleg økonomi. Det må gjennomførast straks. Det er eit politisk ansvar. Å finna ein enkel framgangsmåte,  bør vera ei overkommeleg sak for politikarar med eit sterkt embetsverk i ryggen.

Private hushald  nyttar   om lag ein tredjepart av all straum. Om vi gir full kompensasjon til 20 prosent av private hushald som treng det mest,  utgjer det ein liten del av det totale straumforbruket, kanskje om lag 5 prosent av det totale.  Det offentlege vil likevel sitja tilbake med vesentleg støre inntekter etter prisauken. Det er også mogleg år redusera elavgifta utan å svekka offentleg økonomi. Elavgifta tilfører statskassen om lag 12 milliardar kroner årleg.   Høgare straumpris gir ei meirinntekt for offentlege kassar som er større. Tek vi el avgifta  bort fullt ut – når straumprisen er høg –  vil likevel offentlege kassar  ha langt meir tilbake.

Rein energi er nå blitt ein meir verdfull ressurs. Den tilhøyrer fellesskapet. Rike storforbrukarar har ikkje krav på større delar av dette enn andre. At storforbrukarar av straum skal betale for seg anten straumen går til eit privat storforbruk  eller andre føremål, bør nå vera forståeleg. Største straumforbrukarane – til dømes aluminiumsindustrien – har vanlegvis lange faste kontraktar. Dessutan, industrien skal eksportera  varene sine i konkurranse med verk i utlandet som også kan pårekna større energikostnader  framover. Om norsk straumpris går opp- slik som i utlandet- svekker vi ikkje eksportindustrien si konkurransekraft.

Å tru at vi kan halda eit særnorsk lågt prisnivå for energi, og slik oppnå større  fordelar i konkurransen for norsk eksport, er ikkje realistisk.  Det skaper dessutan urett fordeling i Norge  av verdien av fellesskapet sine  resursar i  vasskrafta.

Det samarbeidet i Europa som har gitt norsk eksportindustri grunnlag for langt fleire lønnsame arbeidsplassar, starta med at Frankrike og Tyskland  gjorde slutt på 80 år med krig og fiendskap gjennom etableringa av Det Europeiske kol og Stålfellesskapet kring 1950.   Det la grunnlaget for like prisar på kol og stål i desse landa.  Rettferdig konkurranse mellom industribedrifter for å skapa best mogleg resurs utnyting,  krev lik pris på innsatsfaktorar. «Det gjeld å vinne den overvunne», sa den tyske forbundskanslaren Konrad Adenauer då den franske president Robert Schuman innbaud til samarbeid på like fot med taparen i 2. verdskrigen.  Dette  har skapt fred og eventyrleg økonomisk framgang for dei involverte.

EØS avtalen bygger vidare på same tenkjemåten til liks med EU.  Utnytting av norske naturresursar for å skapa velstand hadde ikkje vore mogeleg utan eit trygt regelverk for internasjonalt varebytte som trygger konkurranse på like vilkår. Dop-  i form av open eller skjult subsidiering- er like lite akseptert i varebytte som dop på idrottsbanen.  At vi difor også skal samarbeida for å oppnå best mogleg utnytting av energi er naturleg.

Industri og bergverk nyttar meir elektrisitet enn alle norske private forbrukarar til saman. For kvar kilo aluminium Norge eksporterer er det brukt 12-15 kilowatt-timar. Når vi produserer 1.3millionar tonn aluminium, går det med 13 prosent av all norsk straumproduksjon til dette. På denne måten har vi over siste generasjonane eksportert like mykje straum  gjennom foredling  varer som vi brukar i private hushald. Auka energikostnader i Europa gir grunnlag for at norske eksportvarer blir meir verd. Vi blir rikare . Det gir oss ei større kake å dela. Når det offentlege er eigar fell meirverdien ved straumsal i offentlege kassar. Det gjer det lettare å skapa ei meir rettferdig fordeling av auken.

Dei råd som er lagt fram av energibransjen og industrien sitt nye samarbeidsforum, der både næringslivet gjennom NHO  og arbeidstakar organisasjonen LO er med ,  ber  preg av ei slik samarbeidsånd som er nødvendig for å skapa gode løysingar. Slikt samarbeid har vore ei ein viktig faktor som har skapt større framgang i levestanden i Norge enn i andre land. Denne samarbeidsånda som på ny viser seg, gir  grunnlag for håp om gode løysingar framover.

Seniortanken
Njål Kolbeinstveit, Jostein Soland, Egil Harald Grude, Gunnar Berge, Hjalmar Inge Sunde og Torvald Sande
*****************
https://www.aftenbladet.no/meninger/debatt/i/47mX2o/haap-om-gode-loeysingar-framover-i-straumdebatten