«Oljå» – ein del av verdensarva!

Dette innlegget ble publisert i Stavanger Aftenblad den 15.februar 2023, under tittelen «Riksantikvaren på ville vegar»

Stavanger Aftenblad hadde nyleg eit oppslag om at Riksantikvaren ikkje tykkjer det er ein god idé å få nedlagde oljeinstallasjonar  på Unesco si verdensarvliste.

Dette kjem etter at både Norsk Oljemuseum og Stavanger kommune har bore fram ynskje om at denne teknologien bør vurderast som muleg kandidat til FN-organisasjonen Unesco si liste over verda sine sentrale fysiske kulturminne.

Kem kjem på «Adelslista»?

Riksantikvaren peikar på at det er stor pågang på objekt som vert ynskte vurderte for denne «adelslista» av sentrale fysiske kulturminne – bygningar, installasjonar, skip og natur for å nemna nokre.

Riksantikvaren peikar og på store utfordringar med å ta vare på dei store byggverka, riggane, plattformene knytta til oljeindustrien. Sameleis peikar direktoratet (hvilket?) på, at det sjølsagt er viktig å ta vare på å dokumentera oljeverksemda gjennom foto, intervjumaterie, historisk forsking og modellar for å  nemna noko.

Men så heiter det og at verdensarvkomiteen har gitt tydeleg uttrykk for at enkelte aktivitetar ikkje er kompatible med verdensarvstatus, inkludert olje og gass, og at det er utarbeidd tydelege prinsipp for dette. Riksantikvaren går elles inn på dette i større detalj.

Riksantikvaren på ville vegar

I historisk arbeid og antikvarisk tenking har det så langt vi oppfattar, som «barnelærdom» vore eit prinsipp at all menneskeleg aktivitet har sin plass og skal dokumenterast, på eit objektivt grunnlag. Unesco og Riksantikaven bryt med dette. Nå skal det og leggjast moralske prinsipp til grunn for vernearbeidet.

Dette minner om fenomen vi har sett og ser rundt oss der minne om fortida vert fjerna av moralske grunnar, ofte i ei stemningsbylgje, og i politisk korrekthet. Menneskeleg aktivitet har positive og negative sider. Det gjeld og oljeindustrien. Det kan ikkje vera grunn for å avvisa vern, at fysiske minne, byggverk, installasjonar knytta til denne industrien, korkje i Rogaland, Vestland, eller i vidare nasjonal og internasjonal samanheng. (noe som skurrer i setningen foran) Her er Unesco og Riksantikvaren på ville vegar.

«Det skjeive tårnet» i Jåttåvågen

Norsk Oljemuseum er eit seriøst museum og ein ansvarleg forskingsinstitusjon med høg integritet. Fagfolka der er sjølsagt klar over utfordringane med å ta vare på fysisk store kulturminne knytta til oljeindustrien. Ei utfordring og eit eksempel kan vera «Det skjeive tårnet» i Jåttåvågen.

Seniortanken har medlemmer med lang og brei forvaltingserfaring, høg kompetanse frå oljeindustrien, forsking og kulturvern. Vi ynskjer Norsk Oljemuseum lukke til i det vidare arbeidet med den store utfordringa det er å sikra kulturminne frå oljeindustrien ein plass på Unesco si verdensarvliste.

Seniortanken

Egil Harald Grude, Jostein Soland, Ivar Sætre, Njål Kolbeinstveit, Gunnar Berge, Kjell Traa, Torvald Sande, Hjalmar Inge Sunde